
Rogaland kontrollutvalgssekretariat
Klepp kontrollutvalg
Møteplan og sakspapirer
Planer
Årsplan og årsmelding
Nyttige dokumenter
Medlemmer i Klepp kontrollutvalg
Leiar
Kolbjørn Sandve SV
Nestleiar
Sigrid Lærdal KrF
Medlem
Arild Børge Skjæveland SP
Medlem
Tor Oddvar Rosland FrP
Medlem
Jorunn Haver Ap
Utvalgssekretær
Ragnhild Olsen
Om Klepp kommune
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Kommunen har namnet sitt etter haugane (kleppane) på garden Kleppe.
Landskap og natur er prega av eit bølgjande jordbrukslandskap, mildt kystklima, grunne innsjøar og lange sandstrender. Tinghaug er høgste staden i bygda og ligg 102 m.o.h. Kommunen har eit flatemål på 115 km2. Av dette er 77 km2 jordbruksareal.
Kommunegrensene har vore tilnærma uendra sidan formannskapslova av 1837.
Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er
Verdalen, Orstad, Klepp st, Tu, Pollestad og Voll. Kommunikasjonsnettet i kommunen er godt utbygd. Stavanger Lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa. Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.